«Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.»

Johannes 17, 3

Ungdom i oppdrag sine to første verdiar er: «Kjenne Gud» og «Gjere Gud kjend». Eg synes desse verdiane skildrar det som er hovudbodskapen i jula. Gud sende sin son Jesus til verda for å reparere forholdet mellom menneska og Gud som vart øydelagt i edens hage. Ved å bli kjend med Jesus får vi tilgang til det evige livet. Guds plan for å frelse verda er at vi som kjenner Jesus skal gjere Han kjend for dei rundt oss.