Frå 1. januar blir Hilde Karin Hellesøy Sæle ny dagleg leiar på Helgatun. Ho inngår i leiarteam saman med mannen Arild, som vil ha ei redusert stilling. Vi har hatt ein prat for å bli litt betre kjent.

Kan de seia litt meir om kven de er?

Vi er begge frå Øygarden og gifta oss i 1996. Dei første seks åra etter vi var gift budde og studerte vi i Trondheim. Hilde tok sivilingeniør-studiet og Arild studerte IT ved NTNU. Etter at vi kom tilbake til vestlandet, bygde vi hus og busette oss på Landro på Sotra. Dei siste åra har begge to vore gründarar i same bedrifta og har bygd opp ei teknologi-bedrift. Tidlegare har Hilde jobba mest mot offshore-industrien som konsulent eller som leiar for HMS og kvalitet. Arild har jobba som IT-utviklar og leiar i IT-bransjen før han tok seg jobb som stuert på fiskebåt. Vi er begge allsidige og veldig interessert i å læra nye ting og få nye ting til å skje.

Sidan Tremorkirken starta i 2005 har vi vore engasjert der og er det framleis. Vi har tre jenter, der dei to eldste har gått på Framnes vgs og den yngste går no på Lundeneset vgs. Dette betyr at vi denne hausten har gått over i ny livsfase der det berre er oss to vaksne som bur heime.

Då barna var små var vi på Helgatun i lag med storfamilien både i vinterferiar og påskeferiar. Dette har både vi og barna gode minne frå. Det å kome til ferdig deilig middag  etter ein lang dag på ski var heilt fantastisk. Barna kunne gå fritt og trygt rundt uten at ein trengte å vere bekymra. Slik er det ikkje på andre “høgfjells-hotell”. Dei lange kveldane med prat, strikking og speling etter at aorna var i seng er også noko vi ser tilbake på med stor glede. Etter at vi bygde hytte sjølv lenger oppe i Helgatun-feltet har vi vore stadig innom, og spesielt i påska. Her treff vi både gamle og nye kjende og får med oss gudsteneste og nattverd inn i høgtida. Dette har vore svært verdifullt for oss og andre “hytte-folk”.

Fortel litt om prosessen som førte til at de vurderte det som aktuelt å gå inn i leiarteam på Helgatun?

Arild har vore med i styret i Helgatun sidan 2019 og har vore engasjert i ansettelsesprosessen av ny dagleg leiar på Helgatun. Denne prosessen hadde pågått ei stund utan resultat. Ettersom vi no var aleine i huset og vi hadde lyst på ei forandring I livet, kom eigentleg tanken ganske samtidig til oss begge to for ikkje så lenge sidan. Det er noko vi aldri har tenkt på før nokon av oss, så dette var litt underleg og spennande.

Vi visste at det i prosessen har vore snakk om ei ordning med ei veke “på” og ei veke “av” og vi er jo så glade både i Myrkdalen og Helgatun og vi kom til at vi har den nødvendige fleksibiliteten som skal til. Etter at vi tenkte tanken høgt i lag, kom lysta og motivasjonen ganske raskt og vi kontakta Marit Ådnanes for å høyre om dette kunne vere ei løysing. Deretter gjekk det slag i slag med intervju og styrebehandling.

Vi har erfaring med å jobbe i lag og har alltid trivdes godt med det, så det var viktig for oss å  kunne gjere dette som eit team. Gjestfridom er ein verdi som vi set høgt og som vi kunne tenkje oss å bruke meir av. Vi har også hatt ein draum om å drive med turisme og dette vil vi få moglegheiten til på Helgatun.

Del gjerne litt om kva tankar de har for Helgatun

Vi ønskjer å vidareføre Helgatun sitt føremål om å vere ein kristen heim for alle som kjem innom anten dei er på arrangement, reisande eller berre vil komma innom kafeen.

På kort sikt vil fokus vere å gjennomføre allereie planlagte aktivitetar utover vinteren og våren så godt som råd er. Vi har eit puslespel som skal leggast med tanke på bemanning, og dette vert ei av dei største utfordringane i starten. Det er spesielt behov for kokk i deltidsstilling, så her er vi glade for tips, men også frivillige har vi behov for!

Helgatun er plassert svært sentralt i Myrkdalen, og har eit stort potensiale. Etter kvart vil målet vere å få auke omsetning først og fremst gjennom meir aktivitet i vekene, spesielt i dei meir rolege tidene på året. Vi ser fram til å ta fatt på det strategiske arbeidet i lag med styret i Helgatun.

Kva forventningar har de, og kva gler de dykk mest til ved å gå inn i dette?

Det å driva eit fjell-pensjonat er noko heilt nytt for oss begge og vi både gler oss og er veldig spente! Vi forventar at det er mykje å lære og at det kan verte utfordrande til tider. Det er jo den travlaste tida vi går inn i , men vi er klare og motiverte for å stå på saman med dei ansatte og frivillige for at alle som kjem innom skal få ei god oppleving.

Vi er veldig glade i Helgatun og ser frem til å komme i gang med drifta og arrangementa. Så håpar vi å sjå så mange som mogeleg innom, både gamle og nye Helgatun-vener. Vi er takknemleg for forbøn for arbeidet på Helgatun.

Vi ynskjer Hilde Karin og Arild varmt velkommen. Lukke til i ei viktig teneste med spennande oppgåver.