Søndag 21. juni arrangerar IMS «Kjør igjønå-basar». Gjennom dagen vil me besøka ulike bedehus rundt om i kretsen. Me avsluttar dagen med ei live-sending med hovudtrekning kl. 19.00.

På dei lokale bedehusa set me opp ei løype der du kan koma med fullasta bil. Sjølve løypa tek nokre få minuttar og du kan kome kva tid som passar deg best i tidsrommet som er satt opp. Dersom du har høve til å vitja eit av dei bedehusa me køyrer innom vil det der verta småkonkurransar, lynlotteri, noko å bita i og noko å drikka. Me vil óg trekka ut eitt skiltnummer som vinnar av ei premie som blir annonsert under live-sendinga, du får kun eitt lodd på skiltnummer uavhengig av kor monge rundar du kjøyrar (eller bedehus du vitjar). Innhaldet og løypa er det same på kvart bedehus. Sjå tidspunkt og lista over bedehus nederst i artikkelen.

Som ei avslutning på kvelden har me ei hovudtrekning kl. 19 på parkeringsplassen til Gilje bedehus som også strøymes LIVE frå facebooksida til Indremisjonssamskipnaden og på forsida her på indremisjonen.no. Me vil også senda nokre korte snuttar frå dei lokale bedehusa på facebook, snuttane kjem ut iløpet av dagen.

I hovudtrekninga og hovudsendinga kan du vere med over internett så her er det berre å kjøpe lodd. Eitt lodd kostar 20 kroner og kan kjøpast på Vipps eller kontonummer. Merk innbetalinga di med fullt navn og telefonnummer. Betalar du med Vipps kan du kjøpe lodd heilt fram til kl. 18.30 den 21. juni. Betalar du via nettbank så må du kjøpa lodd innan torsdag 18. juni. Vippsnummer: 102696; Kontonummer: 8220.02.80454

Progam for dagen, søndag 21. juni:

  1. Uskedalen bedehus, kl.11.30-12.00
  2. Halsnøy bedehus, kl.13.00-13.30
  3. Samnanger, kl.14.30-15.00
  4. Fitjar bedehus, kl.15.30-16.00
  5. Norheimsund, kl.16.30-17.00
  6. Horneland bedehus, kl.17.00-17.30
  7. Gilje bedehus, kl.18.30-19.00

Hovudsending starter kl.19.00
Hovudtrekning startar kl.19.15