Søndag 20. juni gjentek me i IMS “Kjør igjønå-basaren”. I år som i fjor køyrer me rundt til nokre lokale bedehus og har basar på parkeringsplassen. Gjennom dagen vil me strøyma frå “IMS bilen” og dagen avsluttes med eit større lotteri som vert strøyma på nett.

I og med at årsmøte også dette året blir redusert vil me gjennomføra “Kjør igjønå-basar” som i fjor. Basaren, eller basarane om du vil, er under planlegging og meir informasjon vil kome på denne sida etterkvart.