Dei (vismennene) gjekk inn i huset og fann barnet hos mora, Maria. Og dei fall på kne og hylla det. Så opna dei skrina sine og bar fram gåver til barnet: gull, røykjelse og myrra. Men Gud varsla dei i ein draum at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og dei tok ein annan veg heim til landet sitt.

Matteus 2, 11-12

Det er ikkje godt å seie kven desse vismennene var, men at dei var rike og hadde ein del kunnskap ser me tydeleg. Vismennene forventar å finna denne prinsen i slottet Herodes hadde bygd, omgitt av tenarar og rikdom. I staden finn dei verdas frelsar hjå fattige foreldre, leia av ei stjerne som beveger seg og stansar ved huset Jesus er i. Møtet med Jesus gjer nok inntrykk til at dei ikkje vender tilbake til Herodes’ slott, men tek ein annan veg når Gud varslar dei om kva Herodes sine baktankar var. Josef møtte ein Herrens engel i sin draum, møtte vismennene også ein engel i sin draum? Kva hende med vismennene etter deira møte med verdas Frelsar?

Vismennene var ikkje jødar og venta ikkje på ein frelsar, men eg håpar, og trur, at denne episoden endra noko hjå vismennene. Jesus kom for å frelsa både gjetarar og vismenn, fattige og rike. Jesus kom for deg. Om du vart fødd i ein stall eller eit slott betyr ingenting for Gud, det er deg han lengtar etter fellesskap med.