De er lyset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje gøymast. Ingen tenner ei oljelampe og set henne under eit kar. Nei, ein set lampa på ein haldar; då lyser ho for alle i huset. Slik skal lyset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen!

Matteus 5, 14-16

Dei fleste av oss har litt ekstra lys no i jula, både inne og ute, levande og elektriske. Det gjev glede og oppmuntring og fortrenger mørket som kjem så tidleg på kvelden og varer så lenge om morgonen. Her i bergpreika snakkar Jesus om at me er lys gjennom dei gode gjerningane me gjer. Eg likar å be om at Jesus skal tenna eit sterkare lys i meg, slik at han kan få virke gjennom dei ferdiglagte gjerningane han har gitt meg. Det hadde jo vore kjekt om fleire menneske kunne prise vår Far i himmelen for dei gode gjerningane me gjer.