Josef, mannen hennar, var ein rettvis mann og ville ikkje føra skam over henne; han sette seg føre å skilja seg frå henne i det stille. Då han hadde tenkt ut dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande. Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.»

Matteus 1, 19-21

Gud hadde kontroll. Han kjente Josef som fekk denne utfordrande oppgåve: Han skulle vera ein god far og elska ubetinga ein son som ikkje var hans biologiske son. Josef hadde bruk for dette englebesøket, og Gud var med han i oppdrageransvaret.

Mange fedrar i dag har og stort oppdrageransvar utan å vera biologisk far. Dei er ikkje mindre far for det. Dette ansvaret må dei ta utan englebesøk. Men Gud har kontroll og seier «Ver ikkje redd!» i dag og! Lykke til med å bli betre kjent med Gud og Jesus som kom for å frelsa oss, og som seier «Ver ikkje redd!» GOD JUL!