Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket. I dag er det fødd dykk ein Frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren»

Lukas 2, 11

For ein mektig måte å få kunngjering om eit barns fødsel. Først ein engel med beskjed, så ein stor himmelhær som song. Dei lågaste på rangstigen, gjetarane, blir løfta opp ved at det nettopp er dei som får gledesbodskapen.
Engelen seier tre ting: Det vesle barnet er Frelsar, Messias og han er Herren, det vil seia Gud. Jesus var ikkje komen for å setja folket fri frå Romarane, men fri som menneske. Han skal frelsa oss frå syndene våre. Og denne store gleda er for alle, også deg og meg. Korleis kan eg gleda meg over det i jula? Og korleis kan eg vera med å spre gleda vidare?

Gud steig ned til jorda, for å kunne bringa oss til Himmelen. Me har ein Gud som kjenner livet me lever, for han har sjølv levd det. Han forstår deg. Han elskar deg. Han er Frelsaren din.

Velsigna julehøgtid til deg!