I Matteus 25 vers 14-30 skildrar Jesus ei likning om korleis ein skal utnytte talenta og dei verdiane ein har fått. Den som grov ned sitt talent vart skildra som ein dårleg og lat tenar. Dei som investerte talenta og som gav forteneste for Herren fik ros for dette.
Når eg les denne teksten så tenkjer eg at me i Indremisjonen har fått utdelt mange talent som me skal forvalte i Guds rikes arbeid. Ja, som kristne er me satt til å forvalta dei talenta me har fått på best mogleg måte i arbeidet med å nå menneske med Guds frelsande ord. Eit av dei talentane med har fått er Helgatun og området rundt. Korleis klarar me å forvalte Helgatun slik at staden også i framtida kan væra ein levande misjonsstasjon? At stadig nye menneske ynskjer å samlast i dei varme gode omgjevnadane me i Indremisjonen vil skape. Der trur eg at me har gjort nokon vegval som syner at me ynskjer å være gode forvaltarar. Målsettinga med utbygginga av Helgatunlia er at gjennom gevinsten av utbygginga så skal Helgatun vidareutviklast til å bli ein enda meir tenleg leirstad for alle generasjonar. På Helgatun skal borna i framtida få utvikla seg og bli godt kjent med Jesus og bidra til at trua kan vokse og utvikle seg. På Helgatun skal familiane og generasjonane være saman og byggje gode relasjonar seg i mellom og vokse i trua. Helgatun har tent misjonen i nesten 50 år, me ynskjer at Helgatun også i dei neste 50 åra skal være ein attraktiv leirplass for kristen verksemd og da trenger me å ruste plassen vidare som gode forvaltarar gjer.