12 elevar og Ragnar Ringvoll kjem
Det er eit stort team frå Bildøy bibelskule som kjem til Sunnhordland onsdag 22. januar til søndag 26. januar. Teamet skal bidra med møteleiing, song, andakt, vitnesbyrd og fortelja om skulen.

Gilje, Meling, Husnes og Leirvik får besøk
Onsdag vert det møte på Gilje bedehus kl 1800. Torsdag kl 1900 står Meling for tur. Fredagen vert det to treffpunkt på Husnes bedehus; først møte kl 1800 før teamet vert med ungdomane på Nattcafè frå kl 2030 og utover. Laurdag og søndag skal gruppa vera med på møter på Leirvik Bedehus. Laurdag kl 1800 deltek dei på Re:start med song og informasjon om skulen, og seinare på kvelden vert dei med IUF i kjellarlokala. Søndagen får du nytt høve til å møta dei på Leirvik bedehus kl 1700.

To sunnhordlendingar er også med i teamet
Ragnar Ringvoll, som er gift med bibelskulerektor Aud Karin Kjølvik Ringvoll, fylgjer teamet. To Sunnhordlendingar er også med i teamet; Silje Hallaråker (Bømlo) og Jakob Saghaug (Stord).

65 førsteårselevar ved Bildøy i år
Bildøy bibelskule er eigd av Indremisjonsforbundet. Det er i år 65 elevar ved skulen, fordelt på linjene KRIK, musikk og disippel. Det er også 16 elevar knyta opp mot andreårslinja T2. Desse elevane har ein del undervisning og oppfølging ved skulen, men er mest ute i praksis i forsamlingar og kretsar. Nokre er også miljøstipendiatar ved skulen.

Vel verdt å få med seg
Me håpar du som bur i nærleiken til eit av bedehusa vil ta turen for å møta og høyra det Bildøyteamet vil bidra med.»