Gjer deg klar for barne- og ungdomsleiarkonferansen til IMS 2016, på Brandøy 16.-17. januar Vær velkommen, meld deg på her!

Dette er ei samling som er treffande for dei aller  fleste ungdom, vaksne og eldre. Sjølv om det har «leiar» i namnet er det mykje å hente individuelt. Seminar og fellesskap her er nyttige om du er eller vil bli leiar eller medhjelpar i eit lag, være leiar på leir eller har lyst å sjølv vekse i tru og kjennskap til bibelen. BULK er òg det arrangementet som har størst breidde i alder og erfaring, noko som er fantastisk for alle som deltek.

Vi vil gi ei ekstra utfordring til lag og foreiningar til å «sende» nokon av sine noverande eller framtidige leiarar. Det er ei god investering å spandere på dei ein god konferanse!

Håkon Garvo er tilsett i ImF, er tidlegare elev ved Bildøy og har storpart av sitt arbeid i Finnmark Indremisjon. Han vil ha bibelundervisninga for oss. Vi gler oss!

Jorunn Singstad Djupvik er tilsett i Bibelleseringen og vi ha to seminar med fokus kreativ bibelformidling for barn og unge.  Vi vil gjennom teori og praksis lære meir om at «Du er sjefen!»: korleis ta, og halde, oppmerksomheten i ei samling. Korleis barn og unge lærer blir tema, og vi får innføring i 9 måtar å formidle bibeltekstar på. Jorunn lover at teorien er godt blanda med aktivitet og latter.

BULK 2016 program