Frå 3.-7. april vart det arrangert Påskefestival på internett. For oss i IMS Ung er jo dette heilt nytt, men me hadde så lyst til å få til eit tilbod for ungdommane våre i IMS. Gjennom Bibeltimar, smågrupper på videochat og kveldssamlingar på videokonferanse fekk me delt mykje saman likevel.

Me opplevde at planane måtte endrast litt undervegs og alt gjekk ikkje heilt slik me hadde tenkt, men alt i alt vart det ein innhaldsrik leir. På kveldane var det leirsjef og Ung-leiar Johannes Olsen først kveldsmøte med sang og andaktar med fokus på vårt daglegliv som kristne. Siste kvelden hadde me som vanleg vitnemøte og fleire delte både Bibelvers og andelege songar. Om morgenen, dersom kl.12 kan kallast morgon, var det ungdomsarbeidar Eirik Stensland som tok oss med inn i utvandringa frå Egypt. I smågruppene samtala dei rundt innhaldet i Bibeltimane, eiga tru og dei ba saman.

Med 86 personar, totalt, på leir er det monge som har fått med seg fleire møtepunkt desse 5 dagane. Noko av det som er fint på facebook er at til og med dei som forsov seg, eller av andre grunnar ikkje kunne være med på møtet når det gjekk direkte, var innom og såg innhaldet seinare.

Me vil gjerne helsa deg med Moses sine ord til Josvar frå 5. Mos. 31, 8. Sjølv om dei i utgangspunktet var til Josva så vil Han også gje dei til deg:


Herren sjølv skal gå framfor deg. Han skal vera med deg. Han sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg. Ver ikkje redd og mist ikkje motet!