Laurdag 13. og 20. februar låg Forsamlingskonferanse og KRAFT i kalenderen. Desse blir no digitale. Det vil seie at du kan sitte kor enn du vil i verden (så lenge du har internett tilgjengeleg), aleine eller saman med fleire. Ei anna endring er at konferansane er gratis. Bidragsyterane blir dei same, men dagen litt kortare.

Felles for dagane

Programmet begge dagane starter kl. 11 og er ferdig kl. 15. Sjølve konferansen blir avholdt på Zoom. Zoom er ei god og enkel videoløysning der du berre trykker på ei lenke så havnar du inn i eit «rom» på nett. Me synast det er kjekt om me kan sjå og høyra deg så me anbefalar ein PC, smarttelefefon eller nettbrett med kamera og mikrofon. Skulle du ikkje ha dette tilgjengeleg så er du sjølsagt velkommen uansett. Lenke til Zoom blir sendt ut på den e-posten du registrerer ved påmelding.

Treng du hjelp eller lurar på noko om det tekniske?

Dersom du lurar på noko eller treng hjelp til det tekniske så føl deg fri til å ta kontakt med Eirik Stensland (e-post: eirik.stensland@indremisjonen.no; tlf.: 932 88 586; messenger: m.me/boltenstensland)

Eirik er også tilgjengeleg begge dagane dersom du treng hjelp på sjølve konferansen.

Sjå gjerne saman med nokon!

Dersom du har muligheit til deg så vil me oppmoda deg til å væra med på konferansane saman med nokon. Då får du god hjelp i å reflektera og sortera det du høyrer i løpet av dagen. Fleire vil sette opp visning på sitt lokale bedehus og samlast maks 10 stykker der. For andre er det meir naturleg å invitera heim. Husk å ta vare på kvarandre og på smittevernet, dersom de vert fleire. Og hjarteleg velkommen på konferanse, om du er med åleine eller saman med fleire.

Kraftkonferansen

Kraftkonferansen har tidlegare blitt arrangert i Leirvik på Stord. I år blir den digital den 20. februar. Alt du treng av informasjon vil du finna her i denne artikkelen, på facebook (HER) eller på e-postadressa du registrere ved påmelding. Husk å melda deg på (HER) for å få tilsendt lenke og informasjon for konferansen. Programmet ser du under.

Forsamlingskonferansen

Forsamlingskonferansen har tidlegare blitt arrangert i Norheimsund. I år blir den digital den 13. februar. Alt du treng av informasjon vil du finna her i denne artikkelen, på facebookarrangementet (HER) eller på e-postadressa du registrere ved påmelding. Husk å melda deg på (HER) for å få tilsendt lenke og informasjon for konferansen. Programmet ser du under.