Tittelen er temaet for Indremisjonssamskipnaden sitt hovudårsmøte som i år finn stad på Fitjar i tida 10.-12. juni.

– Me gler oss og har store forventningar, seier styreformann i IMS, Ingebrigt S. Sørfonn, og formann i hovudkomiteen for årsmøtet, Trygve Eiken.

– Desse samlingane er sterke og gode storsamlingar der både det sentrale evangeliet om Jesus og det sosiale aspektet har gått hand i hand. Og me forventar at det vil bli slik i år òg, smiler Sørfonn.

Trygve Eiken kan fortelje at mellom 70 og 80 frivillige er engasjert lokalt for å få arrangementet vel i hamn, og at han trur det kan kome over 600 på einskilde møte.  ­

–  Så vil eg gjerne understreke at sjølv om dette er eit årsmøte for indremisjonslaga i Sunnhordland, Hardanger og Voss , er alle samlingane ope for alle!

Talarar og musikkrefter

Hovudtalar er Martin Cave, kjend frå IMI-kirken i Stavanger. Han skal ha bibeltime laurdag føremiddag og tale på stormøtet laurdag kveld og gudstenesta søndag føremiddag.  Tom Børge Frøvik frå Open Air Campaigners (OAC) skal vere med på torgtreff i Fitjar sentrum laurdag ettermiddag og ha appell på storsamlinga søndag middag.

Konsert

Det heile startar med stor konsert fredags kveld i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg.

Det er òg her alle møta finn stad.  PÅ konserten stiller mellom anna den kjende saxofonisten Frøydis Grorud og songaren Trude Kristin Klæboe –  i tillegg til lokale krefter som Praise Him og Fitjar Skulekorps. Håkon C. Hartvedt har appell.

Barn og ungdom
Det vert eigne opplegg for både barn og ungdom under årsmøtet.
Etter konserten fredags kveld reiser til dømes ungdommane til Smedholmen  der bål, leik og grilling står på programmet, og laurdag er det duka for Barnas sommarfest med myldregrupper for dei minste med samling ved Bakken Barnehage.  For dei i skulealder ved Fitjar Idrettspark.

Ingebrigt og Trygve

– Velkomen til Årsmøtet i Fitjar kultur- og Idrettsbygg seier f.v. Ingebrigt S. Sørfonn og Trygve Eiken. Foto: Håkon C. Hartvedt