Skreve av: Vidar Sangolt

«Og mens dei var der, kom tida då ho skulle føde, og ho fødte sin son, den førstefødte. Ho svøpte han og la han i ei krybbe, for det var ikkje husrom for dei.»

Lukas 2, 6-7

Jesus vart eit menneskebarn slik at du kunne bli eit Guds barn. Han blei fattig for å gjere deg rik. Han blei lagt på høy og strå, og sveipt i klutar for at du kunne få rettferdas reine drakt. Han døydde og stod opp, for at du skulle få liv!

Framleis god advent 😊