Laurdag 7. mars vert det på ny Forsamlingskonferanse i Norheimsund bedehus!

Me ynskjer å utrusta og styrka dei lokale fellesskapa, laga og bedehusa våre, og inviterer difor alle som er engasjert i lokalt arbeid til Norheimsund denne dagen.

I tillegg til fellesøkter med undervisning av Gunnar Ferstad, Marit Hårklau Ådnanes og Johannes Olsen, vert det også lokale innslag der me får høyra om arbeidet i fleire av bygdene.

Det vert dessutan ei økt med fokustid der du vel ein av følgjande; barne- og ungdomsarbeid, smågrupper eller medvandring.

Vidar Sangholt m.fl. leier i lovsong. Det vert servering av middag.

Me håpar og trur at Forsamlingskonferansen kan vera med å utrusta, styrka og inspirera bedehusarbeidet i området. Me gler oss til ein fantastisk dag saman.

Påmelding finn du her.

Program for dagen finn du her.