Skreve av: Ingrid Friborg

«Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause!»

Johannes 14, 27

For fyrste gong i mitt 33 år gamle liv så kjenner eg på ein indre fred over adventstida. Den freden er det berre Gud som kan gje, det er eg heilt overbevist om. Mi bønn for desember dette året har vore å ikkje la meg stresse av alle forventningar og «standarar» ein kan sjå og høyre rundt seg i førjulstida. Det er lett å bli «revet» med og legge nok ein ting til lista over gjeremål. Gud seier at me ikkje skal vera motlause, det gjeld også i adventstida. Senk kravene og senk tempoet, det er mi oppfordring til deg som leser dette❤️ Gled deg over det du fekk til, det er meir enn godt nok!😊

Det er eit privilegium å få kvile i Guds fred! Søk den du også! God adventstid vidare!