Skreve av: Sigrid Hilleren

«Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for krafta blir fullenda i veikskap.» Difor vil eg helst vera stolt av veikskapen min, så Kristi kraft kan bu i meg.»

2. korintarbrev 12, 9

La oss ta ein realitetssjekk, kor travel er adventstida for deg? Kjenner du på fred og ro, ventetid og kos, eller kjenner du at tankane stressar litt med alle gjeremål og forberedelsar til jul? Eg er i siste båsen og kjenner at eg ikkje strekk til. Då er det godt å vende blikket på Jesus, han som kom i veikskap men med eit enormt budskap om nåde, frelse og fred for alle, anten du føler du mestrer livet akkurat no eller ikkje. Jula handlar ikkje om å få alt gjort, men om Han som allerede har gjort alt for oss.

God advent!

Herren velsigne deg og bevare deg,
Herren la sitt ansikt lyse over deg og være deg nådig.
Herren løfte sitt åsyn på deg og gje deg fred.