Skreve av: Eirik Stensland

Ordet advent betyr bokstaveleg innkomst, og vert i dag brukt som ei forkorting på det latinske adventus domini som betyr; Herrens komme. Heilt rett så vert advent tenkt på som ei ventetid, av mange. Eg har sjølv vore på leir på Brandøy for 5.-7. klasse og 8.-10. klasse der alle tenkjer at advent betyr ventetid, det er det som sit igjen. Når spørsmålet vert stilt om kva me ventar på så ligg svaret lett tilgjengeleg: Me ventar på Jesus.

Matt. 11, 2-6

I fengselet fekk Johannes høyra om alt Kristus gjorde. Han sende bod med læresveinane sine og spurde: «Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?» Jesus svara: «Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser: Blinde ser, og lamme går, spedalske blir reine, og døve høyrer, døde står opp, og den gode bodskapen blir forkynt for fattige. Sæl er den som ikkje fell ifrå på grunn av meg.»

Skal vi venta ein annan?

Desse få versa frå Matteus kapittel 11 er spanande. Kva som får Johannes til å stilla spørsmålet er eg usikker på. Kanskje er Johannes skuffa over at Jesus brukar så mykje tid på å lækja sjuke, og saman med enkeltmenneske. Rykta som når fram til Johannes i fengselet er nok truleg mest om Jesus som ein slags mirakelmann. Johannes var opptatt av at folket skulle omvenda seg til Gud, og når Gud sjølv kom så forventa han kanskje at Jesus skulle røska meir i folket? Eller så kan det rett og slett henda at Johannes byrjar å mista motet, og håpet, i cella si der i fengselet. Uansett så svarar Jesus med velvalte ord frå Jesaja, frå fleire stader i skriftrullen. Johannes med sin jødiske oppvekst, og med ein far som er prest, kjenner Johannes godt til desse skriftstadene. Johannes får altså svar frå Jesus om at Jesus var den han venta på. Johannes venta på Guds son, Guds lova Messias. Det er også Han Jesaja talar om. Jesus seier sjølv at Han er Messias.

Det er ikkje heilt einigheit om kor mange skriftord i det Gamle Testamentet som handlar om Jesus, men det er i alle fall ein stad mellom 300 og 400 forskjellige profetiar om den lova Messias. Nokre av dei er litt kryptiske og ikkje så heilt enkelt å direkte kopla til Jesus som Messias, medan nokre av dei treff så godt at det umogleg kan handla om nokon annan enn Jesus. Summen gjer evangeliet om verdas frelsar truverdig. Nokre av profetiane eg har brukt tid på denne advent, er Mika 5, 1-2; Hosea 11, 1; Jesaja 9, 1-2; Jesaja 7, 14. Her står det altså skreve at Jesus skulle bli født av ei jomfru, i Betlehem. Han skulle koma frå Egypt og han skulle koma frå Galilea. Altså skulle Messias koma frå tre stader på same tid, og det gjorde han. Jesus blei fødd i Betlehem, men før hans andre bursdag måtte han flykta til Egypt. Frå Egypt flytta dei omsider heim igjen til Nasaret i Galilea. Så finnes det også noko spanande å sjå i Jeremia 52, 13 til 53, 12 som handlar om Jesus. Eg har og brukt litt tid i Daniel kapittel 9 som og er spanande å lesa,  der får Daniel sjå noko av Guds frelsesplan.

Han som kom

Så kom altså Jesus, Lyset, inn i vår mørke verd og inn i mitt mørke hjarta. Han kom for meg, og det gjer faktisk litt vondt. Eg tenkjer at mitt liv ser ganske så bra ut i forhold til den standarden verda set. I møte med Guds lov og Jesu ord i Bergpreika om kva tankar som svirrar i mitt sinn og motivasjonar som driv fram i mitt hjarta, så ser eg kor egoistisk eg er og kor korttenkt eg kan vera. Det er enormt stort at Jesus kom, men vi er nøydd til å ta inn over oss grunnen til at Han i det heile kom. Jesus kom for mine feil og manglar, mine synder, min vondskap. Han kom for å døy for meg. Det kan vera tungt å sjå inn i sitt eige mørke, men då vert det verkeleg stort: Du skal få sjå mot Lyset, mot Håpet, mot Jesus. Tenk at alt dette er borte! Tilgjeve og vekke. Jesus byter ut mitt mørke med sitt lys. Han tek mi synd og gjev meg eit reinsa hjarta i retur. Alt dette startar med eit lite barn, fødd av ei ung ugift jenta. Han hadde eit mattrau som seng, i ein stall, i ein ukjent landsby langt heimanfrå.

Han som kjem att

Jødane venta lenge på Messias, og både vi, og dei, ventar jo fortsatt. Jesus skal ein dag koma att for å henta oss. Vi har mange profetiar som fortel om dette òg. Profetiane om ein nyfødd Menneskeson kan vi allereie sjå at stemmer, er det noko grunn til at profetiane om Jesu neste komme ikkje skal stemma? Denne endetida er full av ting eg ikkje forstår og som gjer vondt å førestilla seg. Likevel ligg det ei gledeleg forventning mot den dagen Jesus kjem som sigerherre. Som Herre over alt og alle, ein endeleg siger som leier til eit fredens rike som aldri skal ta slutt. Då skal me få sjå ein utvandring, eit eksodus, som me aldri har sett maken til. Der skal me som trur på Jesus, få vandra saman i ein stor flokk inn i ein evigheit med Gud der tilvære liknar på den Adam og Eva fekk vera i. Ein himmel utan synd, sorg, sakn eller manglar av noko slag. Ein stad der eg kan sitta ansikt til ansikt og samtala med Gud sjølv. Utan noko som heiter «meteren».

Ha ei velsigna adventstid.