Skreve av: Marit Ådnanes

Må Gud, som gjev von, fylla dykk med all glede og fred i trua, så de kan vera rike på von ved Den heilage andens kraft.
– Rom. 15, 13


I livets oppturar og nedturar, er eg glad me kan gå til Han som alltid gir oss håp, og kan fylla oss med glede og fred. Gjennom sin Heilage Ande er Gud tilstades i liva våre, alltid. Han vil gi oss av sin kraft.
I Hebr. 7, 19 står det at håpet er eit trygt og fast anker for sjela. Håpet vårt er knytta til Jesus, og det er sikkert som eit anker. Det er ikkje festa i sand, men til Herren sjølv. Jesus kom ned til oss menneske, og tok bustad mellom oss. Han opna vegen heilt fram til Gud, inn til det innerste, bak forhenget, då han døydde for våre synder. «Håp» kan bety «tillitsfull forventning». Me kan vera rike på pengar, eigedom, ulike evner, på familie og venner. Kven set eg likevel mi tillitsfulle forventning til? Kva håp står seg gjennom alt?