Velkommen til Haustkonferanse 1.-3. november
Dette er helga for deg som treng fornying, påfyll og eit kristent fellesskap. Kanskje  vågar du også bli utfordra på kristenlivet og arbeidet me driv.

Trond Johansen og kona Karin vert med
Trond Johansen har vore rådgivar (kretsleiar) i Sogn og Fjordane Indremisjon i fire år. Han kjem til Haustkonferansen saman med kona Karin. Trond er lærarutdanna, og jobba i fleire år som lærar på ungdomsskule, før han vart tilsett i A-pressen. Store deler av sitt yrkesaktive liv har han vore her.

Omdømmeundersøkinga – det starta i ei badstu
Trond sat i ei badstu og reflekterte over kor lite av folket me eigentleg når. Det vaks fram ei naud som resulterte i omdømmeundersøking om bedehuset og indremisjonen. Trond fekk med seg tre elevar frå Bildøy bibelskule og to lærarar, pluss ImF og krinsleiarane i ryggen. TNS Gallup fekk oppdraget. Visste du f. eks. at heile 57% sannsynegvis ville blitt med på bedehuset viss dei fekk ein invitasjon til noko dei fann interessant? Dilemmaet er at dei ikkje vert beden av oss som går der. Dette og mykje meir vil du få høyra meir om på Haustkonferansen.

Mykje er bra – du skal få sjå moglegheitene
– Eg vil ikkje at folk skal reisa heim etterpå og kjenna på alt dei ikkje får til og alt dei skulle gjort, fortel Trond. Eg ynskjer at folk skal sjå mogelegheitene, elles som han seier på sin eigen dialekt: “Alt er ikke gærn`t. Mye skjer hos hver enkelt av oss. Vår Herre legger til rette for ennå mer. Mye er veldig bra, om vi bare slår oss sammen og klapper hverandre mer på ryggen”.

Barneopplegg
Me ynskjer at du som har barn og familie også skal finna det interessant å reisa til Helgatun denne helga. Det vert ikkje opplegg og pass heile tida, men likevel så mykje at me trur det skal vera attraktivt for alle i familien å reisa. Vår eigen barne- og familiearbeidar; Lise Marie Thuestad Litlabø har ansvaret saman med ungdomar.

Reis saman
Det kan vera lurt og inspirerande å reisa fleire saman frå ei bygd/styre. Det er ikkje alltid det same å koma heim etterpå og dela alt du har opplevd. Men uansett; det er snakk om den eine som blir inspirert, og som Trond sjølv seier; “Mye skjer hos hver enkelt av oss”.

Velkommen til Helgatun og Haustkonferanse! Fullstendig program finn du her.