Line Bjerga er frå Vikebygd og går første året på Framnes. Marit Hårklau Ådnanes hadde ein prat med henne om livet på Framnes då ho, Jakob Saghaug og Linda Aase var på besøk i slutten av november.

Korleis hamna du på Framnes?
-Eg søkte på internett etter skule, så berre bestemte eg meg. Det føltes rett! Eg kjente ingen som hadde gått her frå før, men i etterkant kom det fram at bestemor og bestefar har gått her på folkehøgskule, fortel Line.

Me lærer å ta hensyn
– Det er eit veldig bra miljø her, fortset Line. Eg føler meg trygg. Eg bur på rom med ei frå Bergen. Me lever tett på kvarandre, så me lærer å ta hensyn. Men det fungerer heilt greit. På Framnes og i Norheimsund er det mange tilbod. I Norheimsund er eg med i koret. Her på Framnes er eg med i bibelgruppe med lærar. Me er fire første-klassingar og fem tredje-klassingar i bibelgruppa. Her snakkar me om tema som opptar oss. Me hadde om alkohol ein gong, fortel Line. Neste gong skal me ha om «himmel». Og det er møter kvar veke i peisestova, og ofte ser me film i helgene med kristen bodskap.

Det gode miljøet veg opp for saknet av familie og venner
Eg treff familien ca ein gong i månaden, så det går greit, svarar Line på spørsmålet om ho ikkje saknar dei heime. Det gode miljøet veg opp for saknet. Her på Framnes må eg ta ansvar, og lærer å bli meir sjølvstendig. – Og så har eg fått nye venner her, smiler Line.