Velkommen til IMS si KRAFT-helg 27.-29. september. Dette er tidlegare haustmøtehelg med litt endra konsept.

Fredag kl 1900 blir det Go`fredag med heimelaga supper, dessert- og kakebuffet. Det blir song og musikk ved Håkon Tolås. Tema ved Roar Flacké: “Å sjå slik Gud ser”. Pris kr 250,-. Påmelding innan 25. september her.

Laurdag blir det teneste- og leiarkonferanse der alle er velkomne. Etter mange gode tilbakemeldingar i fjor, gler me oss til igjen å møtast til viktig fellesskap og god undervisning. Merk deg at det vert noko dyrare ved påmelding etter 20. september. Spesialpris for ungdommar under 25. år. Fullstendig program for konferansen her. Påmelding her.
Laurdag kveld vert det «Vi møtest». Tale ved Andreas Evensen. Sara og Torbjørn Brosvik er kveldens gjester. Song ved Kerysso. Alle velkomne! Kollekt!

Søndag vert det lokale møter på Gilje bedehus, Zoar Halsnøy, Uggdal (Jensvoll bedehus), Fosse bedehus, Hiskjo bedehus, Øvrebygda bedehus, Husnes bedehus, Salem bedehus på Moster og Samnanger bedehus.