Siste laurdag i januar blir det på ny teneste- og leiarkonferanse. Me ser fram til eit variert og spennande program, som me trur skal vera aktuelt for mange. Dagen vert fylt med fellessamlingar, glimt til inspirasjon frå lokalt arbeid, seminar, middag, lovsong og fellesskap. Inviter gjerne med andre frå ditt fellesskap, så møtest me på Leirvik bedehus denne dagen.  

I tillegg til nokre av IMS sine eigne arbeidarar får me høyra Cecilie Skår Holmgren og Arne Skagen. Cecilie har i fleire år arbeidd i indremisjonen, først i Nordhordland Indremisjon, og dei siste åra som Awana-konsulent i ImF-ung. Cecilie er ein engasjert formidlar, og skal denne dagen dela noko av det ho brenn for; kven me kan gå saman med i vår trusvandring, og korleis trusopplæringa kan sjå ut i våre barne- og ungdomslag.
Arne Skagen bur i Bergen, og er for fleire kjent etter boka «Endeleg mandag». Arne formidlar med glede og humor, og har eit spesielt hjarte for dei som ikkje kjenner Gud. Han motbeviser at evangelisering er ein aktivitet for spesielt interesserte. Andreas Nordli skriv blant anna dette om Arne: «Av og til når jeg leser bøker om evangelisering får jeg dårlig samvittighet. Boken til Arne Skagen gir meg ikke dårlig samvittighet. Den gir meg tro, håp og inspirasjon. Arne er en mann som lever det han preker. Derfor skriver han med autoritet. Det vet jeg, fordi jeg kjenner ham.»

Her finn du fullstendig program for dagen, og her kan du melda deg på til KRAFT-konferansen.