Ein engasjert føredragshaldar
Onsdag 19. mars kl 1800-1930 kjem Trond Johansen, rådgivar i Sogn og Fjordane Indremisjon, til Leirvik bedehus. Trond er ein engasjert person som brenn for det han held på med.

Det starta i ei badstu
Trond sat i ei badstu og lurte på korleis me kan nå alle dei som ikkje går på bedehuset. TNS-gallup vart engasjert, og folk vart spurt om korleis dei ser på bedehuset og indremisjonen. Resultatet får du i boka «Motstrømsfolket». Trond deler aha-opplevingar frå undersøkinga, og peiker på alle mulighetene me har.

For alle, og spesielt for deg som er leiar/styremedlem
Samlinga onsdag er open for alle interesserte. Invitasjon er sendt rundt til alle foreiningar og kontaktpersonar. Dette bør du ikkje gå glipp av. Aktuell undervisning, sosialt samvær, pizza, samtale om arbeidet. Velkommen!

Her kan du sjå heile plakaten.