Skreve av: Lise Marie Thuestad Litlabø

God adventstid! Me har fått snø i desember! Kvit, luftig og lett snø som dekker alt den landar på. Eg likar vinteren, mørketida og snøen. Andre synest dette er ei tung tid, men snøen gir lys i mørketida, og for meg er snøen ei påminning om at Gud tilgir.                                                                                                                                                                         

«Kom, lat oss gjera opp vår sak! seier Herren. Om syndene dykkar er som purpur, skal dei bli kvite som snø, om dei er raude som skarlak, skal dei bli kvite som ull.»

jesaja 1, 18

Dette er Guds tilbod om nåde. Me har det lettare enn Jesaja eller Israelsfolket, for me har Jesus. Me slepp å ofra Brennoffer, Grødeoffer, Fredsoffer eller Syndoffer. Mange profetar fortalde om Jesus lenge før han vart fødd. Og mange som levde på Jesus si tid, såg ikkje at Jesus var oppfylling av profetiane. Dei hadde meiningar om korleis Messias skulle vera, og her passa ikkje Jesus inn. Me er heldige som har ein heil bibel å lesa i. Der kan me finna samanheng mellom det gamle og det nye testamentet. Oppdaga at snøen som dekker landskapet er som nåden/ Jesus som dekker oss med si tilgjeving.

Det er slett ikkje sikkert me får ha snø i heile desember, men nåden og Jesus er der heile tida! Neste gong snøen daler ned, så er det ei nydeleg påminning om Jesus som tilgir. Det var jo derfor han vart fødd, og fødselsdagar er verdt å feira. Derfor pyntar eg huset, gir gåver, lagar god mat og inviterer til fest!

Velsigna God Jul!