Som nokre kanskje har lagt merke til så finnast ikkje Active Ten lenger blant leirane våre i IMS. Den er blitt erstatta med ein eigen leiartreningsleir. I denne artikkelen ynskjer me å gje deg svar på det du måtte lura på om denne nye leiren.

Kva er forskjellen på Active Ten og Leiartreningsleiren?

Active Ten og Leiartreningsleiren lignar ein heil del på kvarandre. Begge har kveldsmøter, bibeltimar, smågrupper, aktiviteter, leirfest, mykje sosialt og mykje kjekt. Forskjellen er at gjennom helga vil me også legga tilrette for ulike seminar og seminarhaldarar.

Kven kan reisa på Leiartreningsleir? Må eg vera ein leiar?

ALLE kan reisa på Leiartreningsleir. Vel, nesten: For å reisa på Leiartreningsleir må du ha begynt i 8. klasse. Det er inga øvre aldersgrense. Utover dette så kan kven som helst bli med på Leiartreningsleiren. Du vil oppleva at leiren har et fokus på leiarskap, men du treng absolutt ikkje vera ein CEO, styreformann eller ein anna form for leiar for å bli med. Me er overbevist om at uansett kva grunnen er for at du vil vera med på leiren så vil du få noko ut av dette. Målet vårt er å gje nokre praktiske og konkrete verktøy og å gje deg muligheiten til å komma endå nærare Jesus. Begge deler er spennande, om du ser på deg sjølv som ein leiar eller om du berre ynskjer å følga Jesus. Hjerteleg velkommen!

Korleis melder eg meg på?

Påmelding, informasjon om prisar og fullstendig program finn du her. Lurar du på noko meir? Ta kontakt med Eirik (eirik.stensland@indremisjonen.no; 932 88 586) eller Johannes (johannes.olsen@indremisjonen.no)

Ein liten «teaser» på årets seminar:

  • «Awana?» med Cecilie Skår
    • Dette seminaret vil gje deg ein introduksjon i kva Awana er og korleis det kan brukast. Cecilie Skår er frå Lindås, nord for Bergen. Ho er ansatt i indremisjonen for å utvikle og hjelpe menigheter og lag med Awana. Cecilie har energi, er glad i menneske og ein strålande formidlar. Gled deg til å treffe henne! Cecilie skal også ha kveldsmøtene.
  • «Bibelen: Myte eller sannhet?» med Bernt Arild Gjøvåg
    • Dette seminar tek for seg dei fyrste sidene i Bibelen og stiller spørsmålet: Er Bibelen myte eller sannhet? Kan me stola på alt som står i den? Kva får svara på desse spørsmåla å seie for mi tru? Bernt Arild Gjøvåg er ein blid Flekkefjording som no bur på Stord. Han jobbar i Subshore til dagleg og har også vært med å starte foreininga SKAPER, der han no er nestleiar. Bernt Arild har god kontroll på Bibelen og er samtidig ein dyktig lærar. Gled deg til å høyra kva han har å seie!
  • «Aktivitetar på leir» med Johannes Olsen
    • Dette seminaret er eit praktisk seminar der Johannes tek oss med gjennom eit knippe ulike leikar, spesielt med tanke på leir, og fortel oss litt innimellom kvifor leik er ein god ting og verdt å bruka tid på. Johannes Olsen er Ungleiar i IMS og har eit brennande engasjement for at du skal få oppleva å leva saman med Jesus. Han er ein konkurransemann, han elskar leik og han elskar Jesus. Kan det bli betre?
  • «Leva med Jesus» med Lars Magne Ådnanes
    • Dette seminaret handlar om korleis du kan leva med Jesus i kvardagen og kvifor det er både bra og viktig. Lars Magne er busett på Bømlo og kan høyrast i mils omkrins. Latteren, og tårene, sit laust og smittar. Til dagleg jobbar han i helsesektoren. Lars Magne har vitnesbyrd og liv bak seg som har noko å læra oss. Han tek Jesus med seg på ein enkel og konkret måte i kvardagen og formidlar på ein måte som gjer inntrykk. Her gjeld det å spissa øyra og setta på smilet, for han her du glad av å vera saman med.