Har du lyst, eller kjenner du nokon som vil på leir?

No er påmelding for leirane vi skal ha på Brandøy og Helgatun til og med sommaren 2019 opna. Her er berre å melda seg. Dei første er allereie komen på Skileiren!

Lurer du på kva leir er? Vi har eit dagsprogram som inneheld både leik og alvor. Kvar dag har vi ei bibelsamling. Her lærer vi meir om Bibelen og kva som står der, kven Jesus er og kva han betyr for oss i dag. Vi syng saman, har gruppearbeid, leikar, aktivitetar inne og ute, kveldssamlingar, god mat og kiosk. Her treff du vener du vil ha resten av livet.  

Til leirane på Brandøy vert det sett opp ekstrabuss med reiseleiar frå Leirvik og Føyno. Til skileiren på Helgatun vert det òg sett opp ekstrabuss frå Føyno og Leirvik. 

Gå inn på fana «LEIR» eller finn leiren du vil på i kalenderen. Etter kvart som programmet m/leiarar er klart prøver vi å leggja det ut på nettsida, så hald deg oppdatert her. 

Velkommen til Helgatun eller Brandøy på leir!