Me har tenkt ei stund på at me burde få til ein Mannsweekend på Brandøy. Ei helg med gode andaktar, god mat og mykje sosialt. Ei helg med akkurat passe lite program.

Endeleg kan me ynskja deg velkomen til den fyrste Mannsweekenden på Brandøy på leeenge. Me håpar at du blir vil væra med og har trua på at dette blir ei meget god helg!

Bjørn Kjetil Ljosdal er primus motor, leirsjef og talar på kveldsmøta. Eirik Stensland blir med som bibeltimehaldar. Andreas Våge arbeider på Brandøy, men bruker denne frihelga si på å vera med oss på weekend. Han er lokalkjend, både i matboda og i områda rundt Brandøy.

Påmelding og priser finner du her.

Kva gjer me i ”Fribolken”?
Me har ikkje lagt opp til eit tettpakka program denne helga, me vil gje deg friheita til å ta det litt roleg og kopla litt av. For nokre av oss betyr det tur i skog og mark, for andre ei praktisk økt og for andre eit djupdykk i ein god sofa. På Mannsweekend er det god moglegheit for alle tre og meir til.

Friluft
For dei som likar friluft så legg me opp til ein tur til ein av toppane rundt Vaka like i nærleiken. Her er det lagt opp ein flott, gruslagt traktorveg som alle greier å gå. Den går opp til Vakadalen. Frå Vakadalen kan ein gå vidare til ulike toppar med topp utsikt. Her vel du kor kravstor topp du vil til sjølv, alt innan kort rekkevidde. Me har også kanoar tilgjengeleg dersom nokon kan tenka seg ein tur på sjøen.

Arbeidsøkt/dugnad
For dei som ynskjer seg ei litt meir praktisk økt så legg me opp til ein liten dugnad. Brandøy har ein fantastisk beliggenheit på Bjoa i Vindafjord. Desverre har koronastengt gjort at mykje har grodd vel høgt. Der ser me vårt snitt til å gjera noko praktisk saman, samtidig som me løftar uteområda til Brandøy. Vinn, vinn.

Mat og kaffi i overflod
Så er det sjølvsagt ope for å gjera andre ting dersom du skulle ynskje det. Det er alltid kaffi på kanna og det skal alltid væra noko godt å bita.