Endeleg er me klare til å invitera deg til Mannsweekend igjen! Me hadde mannsweekend første gong i 2021 og no er me klare for nummer to. Fjorårets weekend var heilt topp og me har difor store forventningar til arvtakaren i februar. Mannsweekend er ei helg med gode andaktar, godt fellesskap, god mat og mykje sosialt. Ei helg med akkurat passe lite program.

På denne sida ynskjer me å samle all informasjon om mannsweekend så her er berre å bla seg nedover til du finner svar på det du treng. Skulle du lure på noko du ikkje finn svar på så ta veldig gjerne kontakt med Eirik Stensland [klikk her]

Påmelding og priser finner du her.

Bidragsytarar

Marius Økland er årets bibeltimehaldar. Marius er kjem frå Bømlo og jobbar til dagleg i Fylkesnes fisk. Marius er ein dyktig formidlar med god oversikt, innsikt og ein måte å gjera innhaldet relevant for oss som høyrer på.

Vidar Aronsen bor i Drammen og jobbar i New Life Ministries som driv eit stort arbeid i det store landet i Asia. Han har tidlegare vore misjonær for DFEF i Japan mens han idag reiser austover i kortare periodar. Vidar har eit spesielt godt innblikk i forfulgtes kvardag og vil realitetsorientera oss på ein måte som både grip oss og engasjerar oss.

Bjørn Kjetil Ljosdal er årets leirsjef og andaktsholdar på første kveldsmøte. Bjørn Kjetil formidlar ærleg og reflektert rundt eige trusliv, og gleder og utfordringar det medførar, på ein lettfatteleg måte.

Otto Martinsen og Eirik Stensland vil også bidra på song- og musikkdelen. På kvar sin måte formidlar dei eit sentralt budskap om kristen tru og liv.

Kva gjer me i ”Fribolken”?

Me har ikkje lagt opp til eit tettpakka program denne helga, me vil gje deg friheita til å ta det litt roleg og kopla litt av. For nokre av oss betyr det tur i skog og mark, for andre ei praktisk økt og for andre eit djupdykk i ein god sofa. På Mannsweekend er det god moglegheit for alle tre og meir til.

Friluft
For dei som likar friluft så legg me opp til ein tur til ein av toppane rundt Vaka like i nærleiken. Her er det lagt opp ein flott, gruslagt traktorveg som alle greier å gå. Den går opp til Vakadalen. Frå Vakadalen kan ein gå vidare til ulike toppar med topp utsikt. Her vel du kor kravstor topp du vil til sjølv, alt innan kort rekkevidde. Me har også kanoar tilgjengeleg dersom nokon kan tenka seg ein tur på sjøen.

Ut på havet
For dei som vil gjere noko litt meir praktisk så legg me også opp til ein tur utpå fjorden med båt for å fiska litt. Her er det lov å bli med for det praktiske eller med kaffitermosen og sosial støtte. Dette er litt væravhengig, men me satsar på å få oss ein god tur.

Paintball
Me tek også med oss nokre paintball-markørar dersom nokon skulle kjenne på konkurranselysten.

Mat og kaffi i overflod
Så er det sjølvsagt ope for å gjera andre ting dersom du skulle ynskje det. Det er alltid kaffi på kanna og det skal alltid væra noko godt å bita.