Frå 1. september er Synnøve Wold-Flokketvedt (til venstre på bilete) tilsett i 70 % som ny Ung-leiar. Synnøve bur i Etne, på gard, med mann og tre jenter i alderen 6, 10 og 13 år. Ho er 37 år, førskulelærarutdanna og har også arbeidserfaring frå barnehage.

Ho brenn for at barn og unge skal få bli kjent med Jesus, at dei blir så grunnfesta i trua at Han får bli det viktigaste i livet deira. Ho ynskjer at barn og unge skal ha eit lag eller småfellesskap i bygda si der dei kan få overlevert kunnskap og levd liv frå ein omtenksam og stødig kristen vaksen.
For arbeidet i IMS gler Synnøve seg til å danna nye relasjonar, hjartevarme fellesskap og leir.

Linda Aase (til høgre på bilete) er tilsett som Ung-medarbeidar i 30 % stilling frå 1. september.
Linda bur på Reksteren, Tysnes, og driv si eiga verksemd «Aase til unnsetning». Linda kjenner arbeidet godt frå før då ho for fleire år sidan var ungdomssekretær i IMS.

Linda brenn for at barn og unge skal ha ein plass å koma til der dei høyrer om Jesus og får eit kristent fellesskap. Ho gler seg til å koma i gong med arbeidet blant barn og unge, bli kjent med nye, og bygga relasjonar. – Det å få sjå folk veksa i tru og teneste er noko eg synest er kjempekjekt, så eg håpar eg får sjå mykje av det, seier Linda.

Velkommen til IMS, Synnøve og Linda. Me gler oss til samarbeid og gler oss over at de vil gå inn i denne viktige tenesta.