Fredag kom det oppdaterte smitteverntiltak omkring korona, gjeldande frå tysdag 23. februar. Me ynskjer å oppmuntra lokale lag, foreiningar og forsamlingar om å starta opp igjen, så sant lokal smittesituasjon også tillet det.

Her er hovudpunkta i råda:  

  1. 100 personer tilhøyrande same kommune kan vera deltakarar i innandørs arrangement med faste tilviste sitjeplassar. Dei som arrangerer, kjem i tillegg.
  2. Arrangøren skal iverksetja tiltak for å ivareta krav til avstand mellom deltakarar som ikkje er i same husstand.
  3. Kravet til avstand er 1 meter, og det vert anbefalt 2 meter om det er fellessang. Dette kan bety at ein ikkje får plass til 100 likevel.
  4. Arrangement som samlar personar frå ulike kommunar, bør framleis utsetjast eller avlysast.
  5. For organiserte aktivitetar i målgruppa under 20 år er det framleis ingen begrensning på antal dersom ein kan overhalda avstand og andre smitteverntiltak.
  6. Husk å sjekka kva som gjeld i din kommune, for det kan være strengare!

Les gjerne meir på Sambåndet, der lokale leiarar og ImF-leiing kjem med oppsumerte råd:  

http://www.sambaandet.no/2021/02/19/apner-for-100-pa-bedehuset/

Krav til arrangør

Nytt er at det må vera medhjelparar klar som viser dei frammøtte til sine stolar og gir informasjon om at dei frammøtte skal sitja der til samlinga er slutt.

Som tidlegare må ein passa på at det er ein meter avstand til alle andre deltakarar. Personar frå same husstand kan likevel sitja side om side. Det må førast namnelister på dei som kjem, inkludert telefonnummer. Ein kan vurdera påmelding viss det kan forventast at fleire enn 100 møter opp. Alle med oppgåver i samlinga vert rekna som arrangører og kjem i tillegg til dei maksimalt 100 deltakarane.

Dei nye smitteverntiltaka finn du i sin heilskap her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/nasjonale-smitteverntiltak-lettelser-for-barn-unge-og-studenter/id2835423/