Eirik Stensland viser sin variant av pinnekjøtt.

Det du treng:

Kjøtt:

  • 400 gram pinnekjøtt per person (gjerne litt ekstra på juleaften)

Potet:

  • 2-3 mellomstore poteter per person (ikkje skrell mandelpoteter dersom du vil ha dei heile, kokefaste poteter kan skrellast)
  • 1-2 dl. kraft frå pinnekjøtet til potetmos

Kålrotstappe:

  • 1 kålrot til 5-6 vaksne
  • 4-6 gulrøter per kålrot
  • ca. 1 dl. kraft (smak til)
  • Kajennepepper (smak til)

Soppstuing:

  • 2-3 sopp (chaminjong) per person
  • 1 rødløk
  • 1-2 rød chili
  • 50 gr. smør
  • 1-2 lime
  • 3-4 dl. matfløyte
  • (Ei klype sukker)

Saus:

  • 2-3 dl. kraft frå pinnekjøtet
  • 2 dl. mjølk (heil eller lett)
  • 2 ss. smør
  • Bland saman mjøl og vatn til ei tjukk blanding. Bruk litt og litt av dette i sausen for å få den tjukkelsen du ynskjer

Hugs også gjerne å ha litt klår kraft for seg sjølve på bordet, mange likar denne bedre enn den kvite sausen.

Denne middagen treng ikkje å tilsettast salt då pinnekjøtet innheld plenti nok av det. Bruk kraft frå gryta der du ellers ville tilsett salt.