Skreve av: Eirik Stensland                                                                                                                                          

Eg trur aldri eg vil skjøna fullt ut kva det inneber for Gud å verta fødd som eit menneske. Likevel kan eg få stå i full jubel til ein Gud som velger å gjera dette. Jesus valde sjølv å koma til denne jorda. Ikkje av eventyrlyst eller for å oppleva noko spanande, men av rein kjærleik til oss. Jesus ville syne oss kven Gud er og visa oss ein veg til eit fellesskap med universets skapar og Herre.

«Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått inn gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan lida med oss i vår vanmakt, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd.»

hebrearbrevet 4, 14-15

Jesus er ikkje ein guddom som står og ser på at me kavar oss veg mot eit uoppnåeleg mål med ein himmel som siste haldeplass. Jesus kjem sjølv heilt nær oss, for å sjølv leia oss mot vårt endelege mål. Han som med sikkerheit veit vegen og som veit korleis me menneske også kan finna fram. Tenk at Gud sjølv vil ha ein slik relasjon med deg! Å vandra med Jesus er ikkje nødvendigvis så lett alltid, men tenk å ha Gud som går med. Ein Gud som veit kva det vil seia å stå i dine prøvelsar, han er prøvd sjølv. Jesus vil væra med alle dagar, og han kan verkeleg trøysta oss i våre prøvelsar. Han veit kva dette livet har å by på. Eg vil lena meg til han. Jesus er ein samtalepartner, ein frelsar og ein ven eg vil ha ved mi sida. Jesus er Herren eg vil bøya meg for.