Skreve av: Kåre Johan Hamre

«Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen».

Matteus 25, 13

Tekstane i kyrkjeåret skal minna oss om viktige sider ved den kristne trua. Vi høgtidar jul til minne om Jesu fødsel. Men kva skal adventstida minna oss om?

Ordet advent kjem av eit latinsk uttrykk som tyder «Herrens kome». Og då er det ikkje tenkt på Jesu fyrste kome, den gongen han vart fødd i Betlehem. Adventstida har fiolett som farge, fargen for anger og bot. I denne tida er det Jesu andre kome som står i sentrum, den dagen han kjem att i makt og herlegdom, til frelse og dom. Tekstane minner oss om å vera ferdige til å møta han, slik at ikkje dagen kjem uventa på oss som ei snare. Å vera ferdig er fyrst og sist å ha si sak med Gud i orden, gjennom trua på Jesus. Det gjeld om å halda seg nær til Jesus, at ikkje noko her i tida får føra oss bort frå han. «Så vak då, for de kjenner ikkje dagen og timen!»

«Men visst eg veit, du maktar fast meg halda, det har du lova i ditt eige ord.
Du visste alt om meg før du meg kalla, og gav meg plass ved nådens rike bord».