Skreve av: Jorunn og Aksel Ingvard Johannessen
I siste kapittel av Hebrearbrevet får me stadige påminningar om å tenkja på dei som har det vanskeleg. «Kom i hug dei som er i fengsel, som om de var fangar saman med dei, like eins dei som vert pinte og plaga»….13, 3, og «gløym ikkje gjestfridom. For ved den har somme hatt englar som gjester utan å vita om det» 13, 2.
Så får me formaningar om andre viktige ting, og så kjem det på nytt. « Men gløym ikkje å gjera godt og dela med andre» Det er alltid ein dobbel verknad av å gjera godt og dela med andre. Difor får me englar som gjester når me inviterer dei som har det vanskeleg, og som ikkje har noko og dela, men som har med seg Gud og Hans rike velsigning.
Så lat oss ta med oss Hebrearbrevet si oppfordring og formaning i adventstida, og hugs å sjå etter englar.