Endeleg kan me igjen samlast til Sommarens Storsamling! 17.-19. juni 2022 brakar det laus på Framnes i Norheimsund. Me vonar du har høve til å vera saman med oss denne helga.

Det vert ei storarta helg med program for både liten, middels og stor. Som du ser av programmet så byrjar me fredag 17. juni med konserten «Fast som fjell» der ulike lokale bidrasytarar får formidla eit sentralt og flott bodskap om Gud. Lokal komitè jobbar iherdig for at arrangementet skal gli best mogleg for deltakarane. Husorkester blir leia av vår eigen lokale Vidar Sangolt, som har fått med gode krefter på song og musikk. Laurdag kveld gler me oss også til solo av Benjamin Andreas Røen.

Både laurdag og søndag har me vore så heldige å få med oss Asbjørn Kvalbein. Han er nok for dei fleste kjent gjennom Norea Mediemisjon og som forkynnar. Nokre har kanskje til og med ei andaktsbok av han i heimen. Asbjørn er ein dyktig bibelformidlar som formidlar med enkle ord og bilder som gjer sjølv vanskelege ting mogleg å forstå.

Laurdagen startar med barnas sommarfest og bibeltime for oss andre. Det er også duka for utsendingsmøte på laurdagen, meir om det finn du HER. Medan dette pågår er det eige program for barn og unge. Du ser godt i plakaten kva som gjeld for kva aldersgruppe. Programmet for ungdom er frå 8. klasse og oppover.

Laurdag kveld får me besøk av Daniel Sæbjørnsen. Daniel er tilsett i Tro og Medier der han mellom anna driv Preach.no. Han er også pastor i eit fellesskap på Åsane i Bergen. Daniel er ein energisk kar med eit hjarta for at andre skal få møta Jesus.

Søndag er det søndagsskule for barna og bibeltime for oss eldre. Så avsluttar me Storsamlinga med ei storsamling der me er samla alle saman. Her blir vår eigen Marit Andresen Røen med oss. Det er eit kjent navn for mange av oss, både store og små. Marit er ei smilande og engasjert dame med eit hjarte for at menneske skal få bli kjende med Jesus, ho er også eit ansikt mange forbinder med leir.

Hjarteleg velkommen på Sommarens Storsamling 17.-19. juni!