Utsendingsmøte IMS 2022

Utsendingsmøte på Framnes 18. juni

Sommarens Storsamling går av stabelen 17.-19. juni på Framnes i Norheimsund. Endeleg vil me invitera deg til eit heilt ordinært, vanleg utsendingsmøte 18. juni 2022 kl.11.45 på Framnes. I tillegg vil det vera gode møter og samlingspunkt heile helga, frå fredag kveld til søndag ettermiddag. Sjå fullt program HER.

Dette er ein viktig arena for å få siste nytt om arbeidet, føreta nødvendige val og saman staka ut vegen vidare.

Påmelding finn du her

 

Sakliste og vedlegg til utsendingsmøte finn du HER

 

Kven er utsendingsmøte for?

For å delta på utsendingsmøte som utsending må du vera sendt frå eit lag/foreining/forsamling tilslutta IMS. Ved registrering viser du fram fullmakt frå din styreformann/leiar. Fullmakta vert sendt ut til alle lag så ta kontakt med leiar i ditt lag dersom du ikkje har fått den.

Utdrag frå paragraf om kven som har tale- og røysterett frå lovane til IMS:
Utsendingar frå indremisjonsforeiningar, lag, forsamlingar og kyrkjelydar som står tilslutta IMS. Foreiningar med inntil 50 medlemer kan senda tre utsendingar. Foreiningar med meir enn 50 medlemer kan senda ein utsending meir for kvart påbyrja nytt femtital. Likevel kan ingen senda meir enn 6 utsendingar.
– Yngres og yngsteslag, barnelag, ungdomslag, kor o.l. kan senda to av leiarane.
– Stader med kontaktperson kan senda ein utsending.
– IMS-styret.
Medlemmene i UNG-rådet.
– Utsendingane må ha fullmakt frå formannen i laget dei kjem frå. Ingen utsendingar kan ha meir enn ei stemme.
– Framnes KVGS kan møta med rektor og to personar vald av personalet.
– Helgatun, Brandøy og SunnBok møter med dagleg leiar og ein utsending frå kvart styre.
– Fast tilsette og pensjonerte arbeidarar har talerett og røysterett. Formannen skriv ut fullmakt til desse.
– Styret for ImF kan senda ein utsending som har talerett, men ikkje røysterett.

– For å kunna røysta på årsmøtet må ein vera fylt 15 år. IMS-styret har ikkje røysterett i saker som gjeld styret sine disposisjonar.