Kick off Sunnhordland
Laurdag 14. september er du velkommen til Stord på Kick off samling. Me startar i Stord kyrkje kl 1400, og etter det sprer me oss rundt ulike plassar på seminar. Om kvelden vert det igjen samling for ALLE interesserte kl 1900 i kyrkja. Sjå nærare program for dagen her.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Sunnhordland Prostiråd, KRIK, Laget, IMS og TenSing.

IMS workshop for ungdomslagsleiarar og Ung leiar seminar
Dette er dei to seminara IMS spesielt vil bidra med denne dagen. I workshop`en kl 1500-1800 i Leirvik bedehus vil fleire ungdomslagsleiarar fortelja om korleis dei driv laget sitt. Viktigast av alt vil me ha god tid til å snakka om ungdomsarbeidet me driv og utveksla erfaringar. Dette trur me blir bra, så vel verdt å få med seg, ikkje berre ein frå kvart lag, men flest mogleg frå styret. Marit Ådnanes deltek frå IMS på dette seminaret.
I Ung leiar seminaret vil m.a. Johannes Olsen, Svein Arne Theodorsen og Jakob Saghaug bidra. Dette kurset er for deg som er ny som leiar, eller kan tenkja deg å bli leiar; enten det er i eit lag eller leirleiar. Eit viktig seminar der du kan få den Kick off du treng for å starta som leiar.

Kick off Gudsteneste og kafè
Om du ikkje har høve å vera med oss om dagen, er du velkommen til gudstenesta kl 1900 i kyrkja. Etterpå vert det kafè på Leirvik bedehus.

Om du blir med på heile Kick off dagen kostar det kr 150,-, men om du er utsending frå eit lag, kan gjerne laget ditt dekka dette. Blir du kun med frå kl 1800 då det er pizza, er prisen kr 100,-. Husk pengar til kafè!