Utsendingsmøte IMS 2024

Utsendingsmøte på Leirvik bedehus 20. april

Utsendingsmøte for IMS blir arrangert på Leirvik bedehus 20. april frå kl. 11-17.30. Program og sakliste finn du i nyaste Venen (HER). Vedlegg, inkludert sakliste, finn du HER. Dokument med vedlegg oppdateres fortløpande. Noværande dokument er oppretta fredag 12.04.24.

Utsendingsmøte til IMS er ein viktig arena for å få siste nytt om arbeidet, føreta nødvendige val og saman staka ut vegen vidare. Me håpar å sjå mange denne dagen.

Påmelding

Kven er utsendingsmøte for?

For å delta på utsendingsmøte som utsending må du vera sendt frå eit lag/foreining/forsamling tilslutta IMS. Ved registrering viser du fram fullmakt frå din styreformann/leiar. Fullmakta vert sendt ut til alle lag så ta kontakt med leiar i ditt lag dersom du ikkje har fått den. Du finn fullmaktskjema HER, hugs at den må signeras av leiar/formann i forkant av utsendingsmøte.

Utdrag frå paragraf om kven som har tale- og røysterett frå lovane til IMS:
Utsendingar frå indremisjonsforeiningar, lag, forsamlingar og kyrkjelydar som står tilslutta IMS. Foreiningar med inntil 50 medlemer kan senda tre utsendingar. Foreiningar med meir enn 50 medlemer kan senda ein utsending meir for kvart påbyrja nytt femtital. Likevel kan ingen senda meir enn 6 utsendingar.
– Yngres og yngsteslag, barnelag, ungdomslag, kor o.l. kan senda to av leiarane.
– Stader med kontaktperson kan senda ein utsending.
– IMS-styret.
Medlemmene i UNG-rådet.
– Utsendingane må ha fullmakt frå formannen i laget dei kjem frå. Ingen utsendingar kan ha meir enn ei stemme.
– Framnes KVGS kan møta med rektor og to personar vald av personalet.
– Helgatun, Brandøy og SunnBok møter med dagleg leiar og ein utsending frå kvart styre.
– Fast tilsette og pensjonerte arbeidarar har talerett og røysterett. Formannen skriv ut fullmakt til desse.
– Styret for ImF kan senda ein utsending som har talerett, men ikkje røysterett.

– For å kunna røysta på årsmøtet må ein vera fylt 15 år. IMS-styret har ikkje røysterett i saker som gjeld styret sine disposisjonar.