Utsendingsmøte IMS 2021

Utsendingsmøte på Leirvik bedehus 19. juni

Sommarens Storsamling, som skulle vore på Framnes 18.-20. juni, er utsett til same helga neste år.
Derimot blir det utsendingsmøte som planlagt laurdag 19. juni 2021, men no på Leirvik bedehus kl. 11.00-17.30.

Dette er ein viktig arena for å få siste nytt om arbeidet, føreta nødvendige val og saman staka ut vegen vidare.

 

Du kan melda deg på til utsendingsmøtet her.

 

Sakliste med vedlegg finn du her.

Her finn du alle saksdokument samla i eit dokument. På side 2 så kan du trykka på saksnummer så blir du tatt rett til vedlegget. Brukar du Adobe Acrobat kan du også nytta deg av bokmerkene som innhaldsliste. Opnar du i nettlesar finn du bokmerkene til venstre ved å klikka på ikonet som ser ut som ei punktliste.

 

Kven er utsendingsmøte for?

For å delta på utsendingsmøte som utsending må du vera sendt frå eit lag/foreining/forsamling tilslutta IMS. Ved registrering viser du fram fullmakt frå din styreformann/leiar. Fullmakta vert sendt ut til alle lag så ta kontakt med leiar i ditt lag dersom du ikkje har fått den.

Utdrag frå paragraf om kven som har tale- og røysterett frå lovane til IMS:
Utsendingar frå indremisjonsforeiningar, lag, forsamlingar og kyrkjelydar som står tilslutta IMS. Foreiningar med inntil 50 medlemer kan senda tre utsendingar. Foreiningar med meir enn 50 medlemer kan senda ein utsending meir for kvart påbyrja nytt femtital. Likevel kan ingen senda meir enn 6 utsendingar.
– Yngres og yngsteslag, barnelag, ungdomslag, kor o.l. kan senda to av leiarane.
– Stader med kontaktperson kan senda ein utsending.
– IMS-styret.
Medlemene i UNG-rådet.
– Utsendingane må ha fullmakt frå formannen i laget dei kjem frå. Ingen utsendingar kan ha meir enn ei stemme.
– Framnes KVGS kan møta med rektor og to personar vald av personalet.
– Helgatun, Brandøy og SunnBok møter med dagleg leiar og ein utsending frå kvart styre.
– Fast tilsette og pensjonerte arbeidarar har talerett og røysterett. Formannen skriv ut fullmakt til desse.
– Styret for ImF kan senda ein utsending som har talerett, men ikkje røysterett.

– For å kunna røysta på årsmøtet må ein vera fylt 15 år. IMS-styret har ikkje røysterett i saker som gjeld styret sine disposisjonar.