Skreve av: Annbjørg og Andreas Våge

«for vår Gud er rik på miskunn. Slik skal lyset frå det høge gjesta oss som ein soloppgang og skina for dei som bur i mørker og dødens skugge, og styra våre føter inn på fredens veg.»

Lukas 1, 78-79

Versa over er frå Sakarja sin lovsong. Han og kona Elisabet hadde på sine eldre dagar blitt foreldre til Johannes. Sakarja fekk sjå med eigne auge at Guds store frelsesplan var i ferd med å bli oppfylt! Johannes skulle rydda veg for Herren, no var redningsmannen verkeleg nær!

Vi som lever i dag har ikkje vore augevitne til dette. Men i Bibelen blir vi kjent med Jesus som vart fødd i stallen. Jesus som såg, møtte og brydde seg om menneske i alle aldrar og samfunnslag. Jesus som gjekk den tunge vegen til Golgata og gav sitt eige liv. Og Jesus som vant over døden, som opna vegen heim til Gud, for meg og deg: «For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.» (Joh 3,16) 

Så kan vi lovsynge med Sakarja, «for vår Gud er rik på miskunn»! 

«Takk at du tok mine byrder,
eit høgfjell av skuld og av skam.
Du bar det på skuldrene dine,
du skuldlause sonofferlam!»