Skreve av: Sølvi Mongstad

«Med evig kjærleik har eg elska deg, difor lèt eg mi miskunn mot deg vara ved.»

jeremia 31, 3

Tenk å ha ein Gud som elskar oss med evig kjærleik. Uavhengig av kva vi får til og meistrar.
I 2. Korintarbrev 12, 9 står det:
«Min nåde er nok for deg, for krafta blir fullenda i veikskap.»

Gud den allmektige og fullkomne tek bustad i våre ufullkomne liv. Krafta til Gud vert synleg gjennom at vi ikkje strekk til. Den allmektige ynsker utruleg nok samfunn med deg og meg, og vi er elska akkurat som vi er. Elska med ein evig kjærleik, ein kjærleik som aldri tek slutt. Gud er kjærleik, og då Jesus kom som eit lite barn til jorda vart Han det synlege uttrykket for denne enorme kjærleiken. Det er eigentleg for stort til å fatte, men like fullt sanning. Dette er vårt juleunder!