Vi vil invitera til dugnadsdagar tysdag 9. mai til torsdag 11. mai Brandøy!

 Vi håpar på fint ver slik at vi kan få gjort ein del målearbeid ute. Inne er det mellom anna ein del kjøkkenarbeid å gjera, samt ein del anna praktisk arbeid. Dersom det ikkje blir ver til å måla ute, har vi andre oppgåver innomhus.

Mellom arbeidsøktene blir det god mat og samlingar om Guds Ord. Marit og Arne Lindekleiv deltek på samlingane, og er elles vertskap på dugnadsdagane. 

Vi håpar mange har moglegheit til å bidra på Brandøy desse dagane!

Helsing Annbjørg og Andreas Våge

Dugnadsdagar på Brandøy 2017

Påmelding til Dugnadsdagar her