Haustmøte-helga til IMS vert òg i år i ei innhaldsrik helg med variert program. Tema for heile helga er «Visdom».

Fredag 30.september er det eige arrangement «Go`fredag» på Leirvik bedehus, sjå eiga sak.

Laurdag 1. oktober er det to gode samlingar opent og invitert for alle, begge på Leirvik bedehus. Det vert møte med undervisning kl 16.30 og «Vi møtes» med song, tale og kveldens gjester kl 19.30. Kerysso deltek med song og musikk på begge, og Leif Nummela taler. Han er forøvrig med heile helga, både fredag kveld på bedehuset og under gudstenesta i Stord kyrkje søndag.

Søndag 2. oktober deltek altså Nummela på gudstenesta i Stord kyrkje, og søndag ettermiddag vert revyen «Glimt i auga og gløtt av himmel» sett opp på Bømlo kulturhus, Bremnes. Revyen vart skriven til 150 års-jubilèet til IMS, og tek deg med gjennom historia til indremisjon og bedehus med ei blanding av alvor og mykje humor. Billettar kan kjøpast på www.bomlokulturhus.no

Plakaten til haustmøte finn du her: haustmote-2016

Sjå òg facebooksida vår for dei ulike arrangementa. Vel møtt!