Jubileumslotteri for IMS

Her er lodda som skal seljast

Her er lodda som skal seljast

Indremisjonssamskipnaden arrangerer stort Jubileumslotteri i år. Det er jo slik at IMS sin økonomi er basert på gåver, og at det til tider er utfordrande å få midlane til å strekkja til for å kunne driva det vide arbeidet me ynskjer. 150års-jubilèet er difor eit flott høve til å satse på eit ekstra løft. Mange flotte premiar!

Lodda er no komne til kontoret og vert i desse dagar, med stor frimodighet, sendt ut til alle lag og foreiningar. Me håpar òg at mange privatpersonar vil ta utfordringa og selje lodd. Sjølvsagt kan laga be om fleire loddbøker dersom dei har kapasitet, talet på bøker sendt ut har vore gjort etter skjøn;)

Gevinstlista er lang og flott. Øvst tronar ein Mini Cooper bil som er godt sponsa av Sommerfeldt Bilsenter. Draumebilen for mange! Vidare kan ein vinne reiser, Scooter,  playstation4 og mykje, mykje meir. Trekning i oktober, med offentleggjering på Haustmøtet 4.oktober. Ynskjer du bestilla loddbøker, eller har spørsmål? Ta kontakt med oss på IMS-kontoret.