Mange vil på Skiweekend på Helgatun

Skiweekendane på Helgatun
Tysdag 8. januar kl. 09.00 opna vi for å melda seg på Skiweekendane på Helgatun. 8.-10. februar skal det vera leir for dei som går i 1. vg. og eldre og 15.-17. februar er det dei som går i 8. klasse til 1. vidaregåande som fyller Helgatun.

Ring – ring
Det er alltid spennande å sjå om det er mange som melder seg på når vi startar å ta i mot påmeldingar! Allereie kl. 08.00 byrja telefonen å kima, men den fekk berre ringa, første telefonen tok vi først når klokka runda 09.00. Ingen skulle få anledning til å melda seg før fristen!

Blekket spruta
Fram til lunch sat vi stort sett og skreiv så blekket spruta. Men når det var tid for ein velfortjent pause med knekkebrød og makrell i tomat. Då var leiren for dei yngste allereie fullteikna med 80 deltakarar, og det var ca. 15 som stod på ventelista! Fantastisk respons!

Hektisk
Som de skjønar vart det ikkje gjort så mykje anna på kontoret denne dagen, for resten av dagen gjekk med til å ta telefonar frå dei som går i 1. vidaregåande som heller vil reisa på leiren for dei eldste.
Så nett no (9.jan) er det 40 som er meldt på leiren for dei eldste, og det ser ut for at alle som står på venteliste på den for dei yngste får plass, så då vert det 80 deltakarar på Helgatun den helga!

Ein kommentar til Mange vil på Skiweekend på Helgatun

  1. Jan-Ove Fagerheim sier:

    Knallbra med så stor oppslutning om Skiweekendane på Helgatun! 😉

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *