Sommarens Storsamling – Årsmøte og Jubileum

Helga 20.-22. juni er det klart for årets største samling i IMS-samanheng; Sommarens Storsamling med årsmøte, og i år feirar me òg stort 150 års jubileum denne helga. Programmet er fullt av godt innhald, og ynskjer du ta del i samlingar, måltidsfellesskap og program, meld deg på!Fredag kveld viser me «Glimt i auga og gløtt av himmel» – vårt historiske spel/revy med tilbakeblikk på IMS si historie gjennom 150 år. Sjå eige oppslag.

Laurdag vert det m.a. bibeltimar, utsendingsmøte, Øystein Søndagsskoleshow, barnas bursdagsfeiring, Jubileumsfest og Gospelnight.

Søndag vert det Festmøtegudsteneste og Storfamiliesamling, det heile runda av med middag der ein kan ta tid til ein hyggeleg prat før ein reiser heim.

Sjå programmet på plakaten og andre nyhetsinnlegg. Plakat Årsmøte 2014

Hugs å melde på til årsmøte-helga dersom du skal delta på måltider, som utsending, i koret og andre tilstelningar. Du finn INNMELDINGSSKJEMA her eller på kalenderen til høgre. (Påmeldingsfrist er sett til 10.juni)

Me minner òg om våre sider på Facebook; /indremisjonssamskipnaden og /ims150