Igjen tala Jesus til folket og sa: «Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys.»
Johannes 8, 12
Adventstida fell saman med den mørkaste tida i året. Vi tenner lys både ute og inne, og mange ser fram mot litt lysare tider. Lyset er viktig for oss menneske. Og det verkelege Lyset, er Jesus. Jesus, som kom til menneska som eit hjelpelaust barn. Som gav livet sitt for oss.
Ein flott julesong av Bjarte Leithaug seier det med enkle ord: «Tenn et lite lys i mørket! Tenn et lite håp om fred! Hele verden får i gave – barnet som blir sendt hit ned.»
Med forventning og glede kan vi feira advent og jul også i år:
Det sanne lyset, som lyser for kvart menneske, kom no til verda.
Johannes 1, 9