Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. Og Guds fred, som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus.

Paulus’ brev til filipperane

Kvar dag treng eg om å bli minna om dette. ALT eg har på hjartet skal eg få legga fram for Gud. Han veit. Han forstår. Bekymringane våre skal me få gjera om til bøn. Guds fred vil stå som vaktpost rundt hjartet og tanken vår for å passa på. Gud veit at desse lett blir angripen og treng beskyttelse. Guds fred er annleis enn den verda kan gi. Han kan gi indre fred midt i stormen. Så var fred også ei gåve Jesus sjølv gav oss før han for til himmelen (Joh. 14, 27). Jesus er fredsfyrsten som opna vegen til Gud, slik at me som trur kan ha fred med Ham.